Båtar på hamna

Transportordning for funksjonshemma

Transporttenesta for funksjonshemma, (dør-til-dør-transport)  er eit tilbod til funksjonshemma som har vanskar med å nytte seg av kollektive transportmiddel. Størstedelen av transporten vert utført av vanlege drosjer.

Transportkort skal berre nyttast til fritidsreiser, og skal  ikkje brukast til reiser som kjem inn under trygdeordninga (t.d. reise til lege, fysioterapeut).

Det er kommunen som handsamar søknadar om transportkort. Brukarane får tildelt eit verdikort, med påfylling ein gong i halvåret, med ein sum som vedkommande kan nytte til fritidsreiser i den aktuelle perioden. Brukaren betaler ein eigenandel på 20 % eller maks. kr. 30,- pr. tur.

Hovudregel for tenesta:
Transportkort vert i hovudsak tildelt personar med varige funksjonshemmingar som gjer at dei ikkje kan nytte seg av kollektive transportmiddel. Dersom du har ei mellombels funksjonshemming, men likevel av ein viss varighet, har du også høve til å søkje. Med funksjonshemming tenkjer ein både på rørslehemma (t.d. rullestolbrukarar) og ikkje-rørslehemma (blinde/svaksynte/allergikarar/epileptikarar/hjarte- og lungesjuke/psykiske lidingar/psykisk utviklingshemma).

Ordninga er ikkje lovpålagt, og det er kommunane som avgjer kven som skal få tildelt transportkort. Det er alltid rørslehemminga som er avgjerande ved godkjenning av brukarar. Det blir ikkje tatt omsyn til utanforliggande årsaker som t.d. alder, bustad, økonomisk og sosial status. Funksjonshemminga sin eigenart spelar inga rolle - når rørslehemminga melder seg er det den som er kriteriet for å bli godkjend som brukar av transporttenesta.

Transportkortet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn godkjende brukarar. Treng godkjend brukar følgjeperson, skal dette stå på kortet og brukargodkjenninga.

Ordninga er ei fylkeskommunal teneste, men kortet kan brukast ved drosjereiser i heile landet.

Kommunen får tildelt midlar to gonger i året, og transportkorta vert derfor automatisk påfylt for eit halvt år om gongen. Du kan når som helst på året søkje om transportkort. Har du fått tildelt transportkort på grunn av ei varig funksjonshemming, får du automatisk fornya kortet ditt kvart halvår. Dette står det nærare om i vedtaket frå kommunen. Transportkortet er eit verdikort som du tek vare på, på lik line med eit bankkort.