hamnebasseng langt

Treng du tilpassing av bustaden for å fortsette å bu i heimen? Da kan du søkje kommunen om økonomisk støtte

Fleire eldre og personer med funksjonsnedsetting ønskjer å bu heime i eigen bustad så lenge som mogeleg. Tilskot til tilpassing av bustaden kan i mange høve være et viktig verkemiddel for å få dette til. Det er også samfunnsøkonomisk lønsamt å leggje til rette bustadar på denne måten.

Kva slags tilpassingar?

Tilskotet er ein offentleg støtteordning som kan bidra til at du kan bli buande i bustaden din, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Du kan søke om støtte til enkle tiltak, som å fjerne tersklar for betre tilkomst i bustaden, eller til større ombygging for å legge til rette bustaden i forhold til funksjonsnedsettinga. 

Husstandar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet. Om det trengs større tiltak som tilrettelegging av tilkomst til bustaden eller større ombyggingar, kan du òg søkje om tilskot til utgreiing og prosjektering.

Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne.

Føresetnadar/vilkår

Det blir gjort ei vurdering av dine spesielle behov for tilpassing og av husstanden sin samla økonomi. Den økonomiske behovsprøvinga skal gjerast ut frå ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt på tlf. 95710059 eller 95710060 for avtale med ergoterapeut i kommunen.

Vurdering av behov for tilpassing av bustad vert utført av kommunal ergoterapeut. Dokumentasjon frå ergoterapeut med tilråding av tiltak må leggast ved søknad om midlar til utgreiing/ prosjektering og/ eller søknad tilskot til tiltaket. 

Samarbeidspartnarar

Husbanken
Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane