hamnebasseng langt

Treningsgruppe for personar med parkinson

Fysio- og ergoterapiavdelinga ved fysioterapeut Therese H. Slack  og fysioterapistudentar vil starte opp med treningsgruppe for personar med parkinson. Målet med tilbodet er å betre og oppretthalde funksjon til deltakarane gjennom bruk av rytme og musikk.

Kriterie for deltaking i gruppa:

  • heimebuande
  • opplever endring/ fall i funksjon
  • har utfordringar med kvardagslege gjeremål
  • går mindre ute/ generelt
  • er motivert
  • kan forhalde seg til avtalar
  • kan ta instruksjon
  • kan delta i gruppesamanheng

Stad: Treningsrommet ved dagavdelinga på Flora Omsorgssenter.

Treningstider:

Gruppetreninga startar 21.01.19, kvar måndag og onsdag  i 8 veker.

Klokkeslett 11.00 til 12.00.

Eigendel for deltaking: Det blir eigendel for å delta i gruppe jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak 2. Per 01.01.19 er eigendelen på kr 97 per time. Frikort til brukar vil bli sendt automatisk frå HELFO når taket på eigendel er nådd, per i dag kr 2085.

Transport: Deltakar må i utgangspunktet kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje til dei som treng det gjennom pasientreiser og deltakar må betale eigendel etter eigendeltak 1.

Deltakarane vil bli individuelt kartlagt og vurdert med utvalde kartleggingsvertøy før og etter gruppestart.

Melding av interesse for deltaking innan 16.01.2019

Send tilvising/ PLO-melding til Fysio- og ergoterapiavd. og/ eller oppmode brukar om å ta kontakt og melde si interesse til:

Leni Myklebust, sekretær fysio- og ergoterapiavdelinga, telefonnummer: 95 71 00 60.