Ytteroyane

Alarm for deg som er utrygg

Brukarar som grunna sjukdom eller funksjonshemming kjenner seg utrygge ved å bu åleine kan få alarmknapp.

Brukaren ber på seg ein tryggleiksalarm for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjoner. Alarmen er knytt opp mot Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, som igjen formidler kontakt til pårørande, naboer eller vakthavande i omsorgstenesta.  Dei tek kontakt med brukaren anten på telefon eller kjem heim til vedkommande. Alarmsentralen er døgnbemanna. Det vert kravd eigenbetaling for tenesta.

Vilkår
Tenesta er ikkje lovpålagd.

Saksgang

  • Søknadskjema
  • Søknaden skal  fyllast ut av søkjar eller hjelpeverge m/ underskrift, og sendast til: Flora kommune, omsorgstenesta, Markegata 51, 6905 Florø 
  • Tenestestaden tek kontakt med søkjar og avtaler tid for heimebesøk.
  • Omsorgstenesta vurderer saman med søkar behovet for tenesta.
  • Hastesaker tek ein på telefon.

Klage
Vedtaket kan påklagast.  Klage kan sendast innan 3 veker til den instans som har fatta vedtaket.