Seglebåt med jente

Kort veg til natur og friluftsliv

Vakker januardag ved StorevatnetFlora kommune kan tilby eit godt utbygd tursti/vegnett svært sentrumsnært med lys. I området Storåsen og Litjeåsen er det gode turvegar med fine utsiktspunkt over byen. Desse er svært mykje nytta.

I tillegg er det bra tilrettelagte stiar og utsiktspunkt i Brandsøyåsen og området, samt ved Kystmuseet. Kart over nokre av desse områda finn du ved å klikke deg inn på kommunen sine kart. Velg karttype "Friluftsliv".


Det finst også badeplassar som kan nyttast. På Sørstrand folkepark er det opparbeidd flott badestrand med benker, bord og grillplasser. Prata ved Krokane Camping har ei lita sandstrand og service/dusjrom tilgjengeleg. Vidare er det badeplassar på Sandvikskjæret og Leira i Brandsøy, Krokevollen på Solheim og Digreneset i Havreneset og i Eikefjord sentrum.

Skjergarden er innbydande og gir flotte forhold for både fisking, padling og anna sjø-og båtliv. 

Utsikt frå HåsteinenFlora har også ein unik flott natur med mange fine turruter i fjellområda i kommunen. Spesielt i områda Norddalsfjord og Eikefjord finst det mange flotte turar, med mange fine utsiktspunkt. Flora turlag har ulike arrangment og tilrettelagte 4 turhytter i Flora. For nærare informasjon sjå Flora Turlag si heimeside.


 

SkiturSom skiutfartsområde har kommunen også fleire område som er godt eigna. Ramsdalheia, Grytadalen og Ålfoten er alle fine utfartsområde vinterstid.


På Humlestøl er det tilrettelagt med fin ski/lysløype med varmestove som er godt preparert heile vinteren. Eikefjord idrettslag er ansvarleg for dette anlegget.