Ytteroyane

Ungdommens bystyre

Ungdommens bystyre (UB) er samansett av 21 representantar. 12 av desse er valde av elevane på ungdomsskulane og Flora vidaregåande skule. 9 er valde på frie lister etter same modell som ved ordinære kommuneval.

 
Ordførar: Njål Hope Eliassen.
Varaordførar: Anders Solheim Økland.
 
 
Utsendingar til nettverkssamling i Ungdomspolitisk råd Sogn og Fjordane: Ordførar og varaordførar.
 
UB skal gje ungdom opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, gje dei høve til å påverke sin eigen livssituasjon og gje betre sakshandsaming og betre grunnlag for politiske vedtak som vedgår ungdom. UB har representasjon i dei politiske utvala og i bystyret i Flora Kommune, og er også høyringsorgan i ungdomssaker.  Vedtektene finn du her.

Måldokument: 

På møte den 3 mai 2011 vedtok UB første del av sitt eige politiske måldokument. I måldokumentet finn ein vedteke politikk for UB og saker som UB vil jobbe med. Måldokumentet vart revidert 8. mars 2012. Les måldokumentet her.

Følg oss også på facebook: Trykk liker på sida vår og du blir oppdatert på dei siste nyhendene til UB i Flora Kommune!

Spørsmål rundt Ungdommens Bystyre? Ta kontakt med: