Seglebåt med jente

Utbygging av breiband - kom med innspel!

Flora kommune ønskjer innspel og informasjon om eventuelle lokale forhold som bør vektleggast høve breibandsutbygging. Gode innspel gjer at det blir enklare for kommunen å lage ein god prioritering for utbygging av breiband.

Det er stor konkurranse om dei offentlege tilskota, difor vil områder der innbyggjarane viser særskilt engasjement stille sterkare. Difor oppmodar kommunen innbyggarar / næringsliv / lag og organisasjonar m.m., til å kome med innspel samt gode argument for område som bør prioriterast utbygd.

Innspel og informasjon kan sendast på e-post til postmottak@flora.kommune.no og merkast "breibandutbygging 2017", innan 13. mars 2017, kl. 16:00.

Flora kommune sin kontaktperson er Einar Årdalsbakke, tlf. 954 01 311.