hamnebasseng langt

Utleigebustader

 

Flora kommune, avd. for Bygg og Eigedom, har totalt 215 utleigebustader fordelt på 36 hus. 30 av bustadane er i Eikefjord og resten ligg i Florø.

Bustadane er prioritert brukt til omsorgstrengande, flyktningar og sosialt vanskelegstilte.

Tildeling av ledige bustader vert gjort av fageiningane:

  • Omsorgstenesta
  • Innvandrarsenter
  • NAV Sosial
  • Helse, avd. for psykiatri

Har du behov for bustad så ta kontakt med den aktuelle eininga for å få nærare informasjon om ledige bustader og korleis du skal søkje.

Dersom du får tildelt bustad vil det vere Bygg og Eigedom du skal forholde deg til når det gjeld leigekontrakt, nøklar og andre praktiske tilhøve. Dei forvalter kommunen sine bygg- og bustadareal.