hamnebasseng langt

Utstyrssentralen - utlån av rullebrett, ski og skiutstyr

Ved utstyrssentralen Florahallen har vi langrennsski, slalåmski, snowboard og rullebrett/hjelm. Utstyret er tilgjengeleg for alle i kommunen.
 
Utstyrssentralen har følgjande opningstider: 
 
Utlån/Innlevering av rullebrett og hjelm: 
Måndag  – fredag, kl. 17:00-18:00 
  • Depositum rullebrett/hjelm Kr. 100,-
  • Vi lånar ut rullebrett og hjelm for maks eit døgn
  • Aldersgrense 12 år. Eller saman med foreldre/føresette
Utlån/Innlevering av Ski-/ski-utsyr, snowboard:
Måndag  – torsdag, kl. 18:00-20:00 
Fredag 17:00 -19:00
  • Depositum Ski-/skiutstyr, snowboard kr. 200,-/ sett
  • Maks låneperiode for ski og skiutstyr er 7 dagar
  • Kun vaksne over 18 år kan stå som lånetakar av skiutstyr. Born under 18 år må ha med foreldre/føresette

Ønskjer du å låne utstyr utanom normal opningstid ber vi om at du ringer og avtalar tidspunkt på telefon 95117318. Vi er tilgjengeleg på telefon måndag til torsdag mellom 16:30 og 21:00 og fredag 16:30 og 19:00. 

Utleigar står ikkje ansvarleg ved evt. skade på personar som nyttar utstyret. Det er ein føresetnad at lånetakar set seg inn i bruken av utstyret, og at bruk skjer forskriftsmessig. Hugs at bindinga på slalåmski må justerast etter vekta på brukaren. Utlån er ikkje meint til kommersiell bruk.

  • Depositum skal betalast kontant ved utlevering av utstyret. Depositum vert tilbakebetalt ved innlevering av utstyret. Alle må skrive kontrakt ved utlån av ustyr.
  • Utstyret skal leverast tilbake i samme tilstand som ved utlån
  • Gi beskjed dersom noko er øydelagt eller dårleg slik at utstyret kan reparerast eller skiftast ut
  • Alt utstyr skal vere tørka og reingjort ved innlevering. NB: Innerskoen i slalåmstøvelen må takast ut og tørkast umiddelbart etter bruk for å unngå fuktskader.
  • Låntakar kan verte belasta med inntil kr. 200,- dersom dette ikkje er gjort
  • Ved for sein levering av utstyret vert lånetakar fakturert for tal dagar utstyr er for seint levert (Kr. 50,- per dag)
  • Låntakar er erstatningsansvarleg ved skadd/øydelagt eller tapt utstyr