Båtar i hamna

Utstyrssentralen: Utlån av ski og skiutstyr

Florahallen har utlån av ski, skiutstyr og snowboard. Lån av utstyr skjer i tida kl. 16:00 - 21:00, og må avtalast på vakttelefon 95 11 73 18. 

Alle må skrive kontrakt ved lån av utstyr, og dei under 18 år må ha med seg føresette. Depositum på kr 200,- må betalast kontant ved utlån.

Utlån er ikkje meint til kommersiell bruk.

Sjølv om det ikkje er sesongen for det, ønskjer vi å minne om at utstyrssentralen tilbyr også utlån av kanoar og redningsvestar. Les meir om dette her.