Ytteroyane
Grågås

Utvida jakttid på grågås

Utvidinga gjeld i tidsrommet f.o.m. 26.07.2012 t.o.m. 09.08.2012 mellom kl 03:00 og kl 10:00.

Fylkesmannen har no godkjent Flora kommune sin Forvaltningsplan for grågås 2012 – 2017 og samstundes stetta søknaden om tidlegare jaktstart. Dette er eit av tiltaka i planen for å avgrense bestandsveksten og å kunne hauste av den lokale bestanden. 

Gåsa som hekkar i området trekkjer tidleg og størstedelen er vekk før ordinær jakttidsstart som er 10.08. Utvidinga gjeld i tidsrommet f.o.m. 26.07. t.o.m. 09.08. mellom kl 03:00 og kl 10:00.

Viktig at gåsa får vere i fred:
Dersom jakttrykket vert for stort viser erfaringar frå mange stader at gåsa framskundar trekket og ein oppnår særs lite i høve av å kunne hauste lokalt. Det er difor viktig at den har områder der den ikkje vert jakta og at jakta ikkje foregår heile døgeret.

Den utvida jakta er difor knytt til innmarksareal og gjødsla beite og berre til jakt på morgonen (kl 03:00 – 10:00). Utvidinga er heimla i Jakttidsforskriftene som vert rullert med jamne mellomrom. Noverande gjeld for tidsrommet 01.04.2012 – 31.03.2017 og det er og lagt opp til rullering av den kommunale forvaltningsplanen i takt med dette.

Grunneigarane må leggje til rette for jakt.
Ein har med heimel i dei førre Jakttidsforskriftene hatt høve til slik utvida jakttid dei siste 3 åra og ordninga har så langt ein kjenner til fungert bra. Det kan likevel synest som at det er ein del å hente på at jakta vert gjort tilgjengelig. Grunneigarane som og ofte har problem knytt til beiteskadar frå grågåsa har difor eit ansvar for å gjere jakta tilgjengelig for jegerar som ynskjer å jakte. Dette kan vere gjennom avtalar med einskildpersonar, lag og foreiningar eller sal av jaktkort m.v.

Utvida tidsrom for sanking av egg:
Kontrollert sanking av egg kan og vere eit tiltak for å kontrollere bestandsveksten og det er og gjeve høve til at grunneigar kan drive slik sanking fram til 20.04. 

Forvaltningsplan for grågås 2012-2017
Forskrift om tidleg jakt