Seglbåt med jente

Val til Ungdommens bystyre 22. oktober

Onsdag 22.oktober blir det val til ungdommens bystyre. Då skal det veljast 22 representantar til eit bystyre som er eit viktig talerør for ungdom. Etter eit års pause får vi vonlegvis eit livskraftig bystyre oppe å gå igjen.

Det blir valt i alt 21 representantar. På skulelister vel Eikefjord barne- og ungdomsskule 2 representantar, Flora ungdomsskule 5 og Flora vidaregåande skule også 5.

På dei fire listene blir det valt 9 representar, og det er 4 lister å velje mellom. Unge Venstre, Unge Høgre, AUF og Haffen stiller kvar si liste. Stemmene blir talde opp onsdag kveld og resultatet skal vere klart ca. kl. 21.00. Det blir lagt ut på Flora kommune si heimside torsdag 23. oktober.

Her er listene: