Skulestart Florø barneskole

Vallister til ungdommens bystyre (UB) er klare

Torsdag 29. september er det val til ungdommens bystyre i Flora. No er dei "frie" listene til UB-valet klare. I alt stiller tre frie lister: AUF, Unge Høgre og Haffen. Desse tre listene vel til saman 9 av medlemmane i UB. Dei tre listene hadde 8 av dei 9 representantane dei to siste åra. Unge Venstre som hadde ein representant stiller ikkje denne gongen. AUF hadde ordføraren.

I valet er det i tillegg skulelister på dei tre skulane Eikefjord barne- og ungdomsskule, Flora ungdomsskule og Flora vidaregåande skule. På desse listene vert 12 av UB-representantane valde.  

Dei frie listene kan du sjå her:

Vil du vite meir kan du kontakte ungdomsrådmann Edvin Helgheim, e-post edvin.helgheim@flora.kommune.no eller telefon 41 53 49 43.