Seglebåt med jente

Varsel frå Meteorologisk institutt om torsdag

Torsdag er det venta kraftig vind frå sør med svært kraftige vindkast på 25-35 m/s. Torsdag ettermiddag og kveld er vinden venta å dreie på vest, og den vil minke natt til fredag.

Den kraftigaste vinden vil vere i fjellområda og på kysten ved Stad. Elles i fylket vil det lokalt kunne vere svært kraftige vindkast.

Det er venta regn, seinare regnbyer. Lokalt kan det verte mykje nedbør. På grunn av den langvarige tørka kan nedbøren føre større utfordringar med overvatn enn vanleg.