Seglbåt med jente

Varsel om flaum og jordskredfare

NVE flaumvarslinga og jordskredvarslinga har sendt ut varsel om gult aktsemdsnivå for flaum og jordskredfare i Sogn og Fjordane. Varselet gjeld alle kommunane i fylket.

Frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag er det venta store nedbørsmengder, lokalt 60 - 100 mm på 12-18 timar. Nedbøren er venta å falle som regn under 1500 moh. Det er framleis usikkerheit knytt til både nedbørsmengde og varslingsområde. Nedbøren kan medføre raskt aukande vassføring og fare for lokal flauming. Bratte skråningar, og bekker og elvelaup med stor vassføring, er særleg utsatt. 

Sjå også www.varsom.no, og menypunktet ”Bruk av varselet – beredskap”.