hamnebasseng langt

Varsel om oppstart av planarbeid. Reguleringsplan for bustadområde på gbnr. 28/28 og 27/965 m.fl

iVest ConsultInnspel og merknader til varsel om oppstart og planomtale ved planoppstart, skal rettast til: iVest Consult as, Strandgata 15, 6900 FLORØ. E-post: post@ivestconsult.no
Høyringsfrist vert sett til 01.12.2011

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 - privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 28/28 og 27/965 m.fl. i Flora kommune. Tiltakshaver for planarbeidet er Florø Bygg Utvikling AS.

Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for bustadområde med variert busetnad med tilhøyrande anlegg som leik, fellesområder og tilkomst. Det totale planområdet vil utgjere om lag 48 daa. For vestre del av planområdet er det tenkt høg detaljering i planprosessen, slik at utbygging kan skje direkte etter planen. For resterande del av planområdet vert det i denne omgang meir oversiktleg planlegging med avklaring av prinsipp, infrastruktur m.m. Her vil utbygging ligge lenger fram i tid.

I kommuneplanens arealdel er aktuelt planområde avsett til framtidig område for bustader, B3 og del av B2. Reguleringsplan "Storåsen Sør", 19810104 grenser i nord og aust til det nye planlagte bustadområdet.

Det vart halde oppstartsmøte med Flora kommune 21.10.2011
Det er ikkje krav om planprogram eller kosekvensutgreiing, ut frå at formål med detaljplan er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Forholdet som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen er variasjon av bustadtypar, universell utforming og born sine interesser.

Spørsmål kan rettast til:
   Janicke Svendal, tlf 966 27 987, e-post jas@ivestconsult.no
Monica Humlestøl tlf. 966 27 980,e-post moh@ivestconsult.no

Oversiktskart
Utsnitt kommunedelplan
Planområde
Aktuelt planområde
Ortofoto