hamnebasseng langt

Varsel om oppstart av planarbeid

I samsvar med plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3, privat forslag til detaljregulering. Saka har tidlegare vore på høyring, men planen er vesentleg redusert på grunn av vanskar med å få tilfredstillande tilkomst. Planarbeidet vert derfor varsla på nytt.

Området skal ha tilkomst via Hogavegen, Eikefjord - gbnr. 53/21 og 53/19. Føremålet med planarbeidet er tilrettelegging for bustad.

I kommunedelplanen er det aktuelle arealet avsett til bustadar. Planarbeidet er såleis i samsvar med gjeldande kommunedelplan, og er derfor vurdert å ikkje krevje konsekvensutgreiing.
Merknadar kan sendast til Flora kommune, via skjema "høyringsuttale", på epost til postmottak@flora.kommune.no eller per post til Markegata 51, 6905 Florø, innan 04.10.2018.