Seglbåt med jente

Varsel om planoppstart Botnaholten og Klubbeneset

lupe3[1].jpgDei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til :
iVest Consult as
Strandgata 15
6900 Florø               Epost: jas@ivestconsult.no      Tlf : 976 27 000/ 966 27 987

innan 29.11.2013

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen §12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter §12-3 - privat forslag til detaljregulering for følgjande område og vist på kartutsnitt:

BOTNAHOLTEN, DEL AV GBNR.26/234
Planområdet er på ca 15 daa, og er tenkt regulert til bustader. Området er ikkje regulert i dag.

I oppstartmøte med Flora kommune den 22.10.2013, vart det avklart at det ikkje vert stillt krav om planprogram eller konsekvensutgreiing. Formål med detaljplanen er i samsvar med gjeldande kommundedelplan for Florelandet - Brandsøy, der området er vist som bustadområde, B11.
Born og unge sine interesser, universell utforming, trafikktryggleik og felkehelse er blant dei forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen. Viktig vurdering i prosessen vil og vere knytt til type og antall bustader saman md terreng-/landsskapstilpassing.

KLUBBENESET, DEL AV GBNR. 27/505 M.FL
Planområdet er til saman ca 20 daa, og er i dag regulert til industri/lager, småbåthamn og friluftsområde/byggeområde. Hovudformål med planarbeid er omregulering av vestre del av området (småbåthamn og friluftsområde/byggeområde), slik at heile området kan nyttast til lettare industrirelatert næringsverksemd. Området som er aktuelt for omregulering er i dag planert. Eksisterande område for industri/lager er tenkt vidareført, men vil likevel inngå i planområdet av meir planteknisk omsyn.

I oppstartmøte med Flora kommune den 22.10.2013, vart det avklart at det ikkje vert stilt krav om planprogram eler konsekvensutgreiing. Formål med detaljplanen er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommundelplan for Florelandet-Brandsøy, der området er vist som byggeområde næring/naust. Trafikktryggleik, folkehelse (støy, ureinin mm), estetikk og strandsone er blant dei forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

Tiltakshavar for planarbeidet er Ving Eiendom AS. Naboar/Partar vert tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 29.11.2013.
Adr: Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: jas@ivestconsult.no  Tlf. 976 27 000 / 966 27 987