Seglebåt med jente

Varsel om planoppstart: Detaljreguleringsplan Gartnerhagen

Gartnerhagen, Gnr. 28, Bnr. 48 m.fl., Flora kommune

I medhald av plan- og bygningslova §12-8, blir det med dette varsla om oppstart av privat detaljregulering jf. § 12-3 for eigedomen gnr. 28, bnr. 48 med tilhøyrande tilkomstvegar.

Planområdet

Planområdet er 20,9 daa og avgrensa som vist på vedlagde kartutsnitt. Avgrensinga av planområdet i dette varselet avviker frå tidlegare varslingar og inneber to vegalternativ med tilkomst frå enten eksisterande Professor Gjelsviksveg eller ei vegløysing mot Vangsvegen samt areal for opparbeiding av sti frå bnr. 48 ned mot eksisterande tursti langs Storavatnet. Veg-alternativ Professor Gjelsviksveg forutset utbetring av vegen med eit fortau frå Kinnvegen til Em Holevegen på nordre side av vegen. 

Reguleringstilhøve

I KPD 2006-2018  (Ikraft.dato 20.6.2007 ) ligg eigedomen inne på kartet som næringsareal, merka gartneri. I gjeldande reguleringsplan Prof. Gjelsvikveg, Bustad/Gartneri. (Ikraft.dato 7.9.1999) er eigedomen regulert til hovudføremål Landbruk, med underkategori Gartneri.

Tiltakshavar, utbyggar, konsulentar og arkitekt

Terje Rognaldsen er tiltakshavar med Skanska som utbyggar. Plottaplan as er plankonsulent. SWECO er konsulent for trafikk, veg og avlaup. TAG Arkitekter AS er arkitektar for prosjektet.

Føremålet med reguleringsplanen og nytt varsel om oppstart

Føremålet med reguleringa er å legge til rette for utbygging av 100 nye bustader innanfor eigedomen gnr.28 bnr.48. 

Planen har tidlegare vore varsla der det har vore lagt opp til høgare utnytting av bnr. 48 og med andre vegalternativ. Vidare planarbeid forutset ein bustadreduksjon frå 150 til 100 bustader, at gartneriet vert rive ved byggestart og vegløysingar der det ikkje leggast opp til trasè ved friområdet eller midlertidig anleggsveg langs eksisterande bustader.

Planen omfattast ikkje av forskrift for konsekvensutgreiing. Utbygginga vil ikkje gje vesentlege verknader på miljø og samfunn. Det vert med dette også varsla at etter pbl. §17-4 at det kan verte aktuelt å starte forhandlingar om utbyggingsavtale om gjennomføring av kommunaltekniske anlegg innanfor planområdet i samsvar med kap. 17 i pbl.

Merknader til planarbeidet kan sendast til:

Plottaplan AS 
Pb 1833, 5816 NORDNES
Epost: vivian.garnes@plottaplan.no

Merknadane vert samla og kommentert av plankonsulent. Alle mottekne dokument, merknader og liknande sendast kommunen saman med planforslaget. 

Om det er behov for utfyllande informasjon eller om det er spørsmål til planarbeidet så bedast det om at plankonsulent vert kontakta på e-post. Det er sett av to møtedagar ved Flora kommunehus den 27. og 28. April der det vert anledning til å møte plankonsulent og tiltakshavar/utbyggar. Møter bestillast på e-post til plankonsulent på førehand. 

FRIST FOR MERKNADER ER SETT TIL 24. MAI 2017.

Vidare saksgong:

Planforslaget vert endeleg utarbeida etter at alle merknadar er innkomne. Flora kommune skal deretter handsame planen og legge den ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere ei ny mulegheit til å sende merknad eller innspel til planen før vidare politisk handsaming.

Plandokument