Båtar i havnebassenget

Varsel om planoppstart: Detaljreguleringsplan Joneset

I medhald av Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 - privat forslag til detaljreguleringsplan Joneset, del av gbnr. 37/7, Skorpa, hytter/veg/ferjekai i Flora kommune. PlanID 20170101. Tiltakshavar er Anne Lene Normann og Flora kommune.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for hytter på del av gbnr. 37/7, Joneset på Skorpa, samt gjere endringar i eksisterande plan for veg og ferjekai på Skorpa (planID 20060123, vedteke 13.06.2006). Det skal leggjast til rette for hytter innanfor rammer som vert fastsett i ny arealdel til kommuneplan for Flora kommune. Kommuneplanen sin arealdel er venta vedteke i Flora bystyre den 21.03.2017. Området er i kommuneplanen vist som område FB11, der det kan etablerast maks 8 einingar.

I samband med planar for utbetring av ferjekaia på Skorpa skal Flora kommune vurdere behov for endringar i eksisterande reguleringsplan. Endringane vil eventuelt gjelde behov for anlegg i sjå i samband med ferjekaia, som eksisterande plan ikkje opnar for. Endring av planen for ferjekaia kan bli trekt ut i planprosessen og gjennomført som mindre endring i regi av Flora kommune. Samla planområde er på om lag 1,2 km2. Endeleg planavgrensing kan bli redusert i planprosessen. Varsla planavgrensing er vist i vedlegg 3, 4 og 5.

I oppstartsmøte med Flora kommune den 03.02.2017, blei det vurdert i samråd med kommunen at det ikkje vil vere naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing då føremålet er i tråd med overordna plan. Tema som skal vurderast i planarbeidet er mellom anna: Landskap og estetikk, naturmiljø/naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø, friluftsliv/nærmiljø, strandsone, sjø og vassdrag, folkehelse, barn og unge sine interesser, trafikktilhøve, teknisk infrastruktur, i tillegg til ROS-analyse (faremoment som beredskap, skred/ras, klima m.m.). 

Spørsmål høve utbetring av ferjekai kan rettast til Flora kommune v/ Einar Årdalsbakke, e-post einaratle.ardalsbakke@flora.kommune.no

For innspel, merknadar eller spørsmål til planarbeidet kan du rette deg til iVest Consult AS, innan 10.03.2017.

Vedlegg: