Seglbåt med jente

Varsel om planoppstart: detaljreguleringsplan Vangsvegen

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 –privat forslag til Detaljreguleringsplan for Vangsvegen gbnr. 28/34, Bustad, i Flora kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Florø Bygg Utvikling AS.

Formål med planarbeid er å legge til rette for tett bustadbygging med tilhøyrande infrastruktur og uteareal, i eit sentralt og etablert bustadområde, i Florø. 

I kommunedelplan Florelandet Brandsøy (2006-2018), datert 20.06.1987 (planid: 20070001), er området avsett til bustadformål, og formål med planarbeid er såleis i tråd med overordna plan (sjå utsnitt i vedlegg "kommunedelplan"). Planområdet kjem i berøring med 3 eldre planar i området (sjå utsnitt i vedlegg "reguleringsplanar"). Desse er: Kleiva – Soldalen, gbnr. 28/34, Bustad, Off.bygg (planid: 19770104), Kleiva – Soldalen, Bustad/Gravplass m.m. (planid: 19840103), og Jagedalsmarka, gbnr. 28/11, 271 mfl. Bustad/off.veg (planid: 20060102). Delar av desse vil bli endra i prosess med ny plan. Planområdet er på omkring 3,5 daa der endelig planavgrensing kan bli justert i planprosessen. Varsla planavgrensing er vist i vedlegg "planområdet".

Det kan vere aktuelt å fremje byggesøknad/rammesøknad i samband med behandling av planframlegg slik at varsling og høyring av reguleringsplansaka også gjeld for byggesak, jft. §12-15 i Plan- og bygningslova. 

Det vart gjennomført planoppstartsmøte med Flora kommune den 28.09.2016, der det ble lagt føringar for tema som skal vurderast i planarbeidet. Desse er; landskap og estetikk, naturmiljø/naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø, friluftsliv og nærmiljø, born og unge sine interesser, folkehelse, universell utforming, teknisk infrastruktur, trafikktilhøve og trafikktryggleik, ROS-analyse (faremoment, beredskap, klima, m.m.) m.m.

Det er konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram, jfr. Forskrift om konsekvensutreiing §§ 2, 3 og 4, då tiltak vil vere i samsvar med overordna plan  (Kommunedelplan for Florelandet Brandsøy 2006-2018).

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev. 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 25.11.2016. Adr: Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: post@ivestconsult.no, tlf. 97627000/95741102.

Vedlegg: