iVest logo_rådgjevande_ingeniørar_og_arkitektar

Varsel om planoppstart Eikevik på Stavøy

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 93/7 mfl. i Eikevik på Stavøy. Tiltakshavar for planarbeidet Per Nødseth.

Føremålet med planen er tilrettelegging for oppgradering/nybygging av eksisterande hytter/naust til Hytter/naust/rorbu, samt etablering av ei ny hytte og eit nytt naust. Det er ønskeleg å opne for eit samla bruksareal på inntil BRA=200m2 for å få funksjonelle areal til etablering av anneks/uthus/naust. Det er vidare tenkt å stadfeste og utbetre eksisterande situasjon for småbåthamn. Planområdet er på ca. 18 Daa.

Aktuelt område er i gjeldande kommuneplan sett av til Fritidsbebyggelse på land. Deler av landarealet er underlagt omsynsone for ras- og skredfare, men det er gjennomført ei skredfagleg vurdering i området der det kjem fram at det ikkje er skredfare i planområdet. Område i sjø er i kommuneplanen vist som Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, samt med omsynssone for bevaring naturmiljø. 

Det vart halde oppstartsmøte med planavdelinga i Flora kommune den 09.01.2019, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna landskap, estetikk og byggeskikk, teknisk infrastruktur og overvasshandtering, biologisk mangfald, verneinteresser bygning, strandsone, samfunnstryggleik og beredskap, naturfare og klimatiske forhold.

Føremålet med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. 

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev. 

Du som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 18.02.2019. Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. E-post: post@ivestconsult.no. Tlf. 97627000/ 96018986.

Plandokument

18. januar 2019 Henrik Ulriksen