Skulestart Florø barneskole

Varsel om planoppstart. Gang- og sykkelveg i Eikefjord

Flora_kommune_logo_50x58.gif Frist for merknad 30.09.16

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8, vert det varsla om oppstart av arbeid med reguleringsplan for gang- og sykkelveg i Eikefjord.Nærmare bestemt FV 542 frå riksveg 5 og austover til Eikefjord barne- og ungdomsskule. Ei strekning som er ca. 1.5 kilometer lang. Tiltakshavar for planarbeidet er Flora kommune.

Hensikta med planarbeidet å er å sjå på tiltak og trafikksikkerhet tilknytta ny gang- og sykkelveg og eventuell utbetring av eksisterande veg.Det for å skape ein trygg og god forbindelse, spesielt for barn og unge som bruker dette som skuleveg.

I forbindelse med oppstart av planarbeidet vil det bli heldt et opent informasjonsmøte på Allhuset i Eikefjord, tysdag 13.9.2016 klokken 19.00 til 21.00.

Kart over området finn de her.

Naboar, partar og grunneigarar vil bli tilskrive i eiget brev.

Eventuelle merknader skal sendast til :
Flora kommune, Plan og Samfunn, markegata 51, 6900 Florø eller postmottak@flora.kommune.no innan 30.09.2016.