Båtar på hamna

Varsel om planoppstart Havikbotn og Bjørnset/Helgøy

lupe3[1].jpg


Detaljreguleringsplan for del av gbnr. 26/3, Havikbotn, Flora kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12- 8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er  del av gbnr 26/3, Havikbotn i Flora kommune . Det vert og varsla offentleg ettersyn av forslag til planprogram, jfr. Pbl §§ 4-1 og 12-9. Tiltakshavar for planarbeidet er  AB Eigedom AS.

Planområdet er på ca 7 Daa, og er tenkt regulert til næringsaktivitet som t.d. lettare industri/småindustri, handverksbedrifter, lagerareal e.l.  I kommuneplan for Flora er området vist som LNF-område. Det ligg ikkje føre reguleringsplan for aktuelt planområdet.

Oppstartsmøte med Flora  kommune vart halde den 29.05.2013. Det er krav om planprogram og konsekvensutgreiing då formål med detaljplan ikkje   er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Forhold som skal vurderast nærare  er miljøfaglege tilhøve (både i anleggsfase og etterbruk), teknisk infrastruktur, trafikktilhøve, skredfareproblematikk, evt. turstier i (nær)området. Landskap og estetikk er eit av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 6. januar 2014.

Adr: Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 95741102

Detaljreguleringsplan Bjørnset/Helgøya, delar av gbnr. 81/1, 81/2 m.fl., Flora kommune

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12- 8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr.  81/1, 81/2 m.fl Tiltakshavar for planarbeidet er Dagfinn Ellingsund.

Planområdet gjeld delar av område på Bjørnset, Helgøya, Klavelandet og Uførevika. Hovedformål med planarbeidet er etablering av traktor- og slepevegar knytt til skogsdrift i utmarka, driftsbygg i samband med landbruksdrift, samt tilrettelegging for naust, bustader og fritidsbustader. I kommuneplan for Flora kommune, er det meste av området vist som LNF-område. Området er ikkje tidligare regulert.

Oppstartsmøte med Flora kommune vart halde den 30.08.2013. Det er ikkje krav om planprogram eller konsekvensutgreiing. Det er likevel utarbeidd forenkla planprogram, der planlagde tiltak og planprosess er skildra. Formål med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Jordvern, skog-  og landbruk, trafikktryggleik, folkehelse (støy), kulturlandskap og strandsone er blant dei forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 17.12.2013.

Adr: Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/95741102