Seglbåt med jente

Varsel om planoppstart og offentleg ettersyn, Fugleskjærskaia, iVest Consult

Skisse, Fugleskjærskaia.jpg

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12- 8, vert det varsla om oppstart  av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er dela av vestre kai- og hamneområde på Fugleskjærskaia i Flora kommune. Det vert og varsla offentleg ettersyn av forslag til planprogram, jfr. Pbl §§ 4-1 og 12-9. Tiltakshavar for planarbeidet er Flora Hamn KF.

Planområdet omfattar kai- og sjøområdet i vestre del av Fugleskjærskaia, der hovudformålet er forlenging av kai. Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt, vart drøfta med Flora kommune i oppstartsmøte den 15.01.2014, og ved tilbakemelding i forbindelse med godkjenning av planspørsmål. Viktigaste utgreiingar vert knytt til landskap og estetisk tilpassing i forbindelse med framtidig byutvikling i Stranda, natur- og kulturmiljø, friluftsliv, miljøfaglege tilhøve, folkehelse, teknisk 
infrastruktur og trafikktilhøve. 

Planarbeidet blei kunngjort i avisa Firdaposten den 03.05.2014.

Det vil i samband med planarbeidet bli halde ope folkemøte den 4. juni 2014. Nærare informasjon om tid og stad vil bli annonsert før møtet.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev. 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 16. juni 2014.

Adr: Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 96627987