hamnebasseng langt

Varsel om planoppstart - Stavang sentrum

iVest logo_rådgjevande_ingeniørar_og_arkitektar.png

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vart det den 12.12.2018 varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er
gbnr 98/2 m.fl, der hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for utvikling av Stavang sentrum med bustad, fritidsbustad næring, samt utvikling av båthamna. Høyringsfrist vart då
satt til 18.01.2019.

I forbindelse med varsel for reguleringsplanarbeidet blei grunneigarar og naboar invitert til eit fellesmøte på Stavang skule den 08.01.2019. Møtet vart organisert med informasjon frå tiltakshavar Anders Haave, underteikna plankonsulent, og arkitekt Rune Melvær (iVC) om planlagde tiltak, der ein samstundes ønskja dialog og innspel frå grunneigarar og naboar i
Stavang. Det var godt oppmøte på møtet og planarbeidet med dei planlagde tiltaka som ny plan er tenkt famna om, skapte positivt engasjement og fleire gode innspel frå dei frammøtte.
Det er med grunnlag i innspel og behov syna på dette møtet at planarbeidet blir varsla på ny med utvida planavgrensing.

Utvida planområde er då blant anna tenkt å gjeve rom for vurdering kring;

  • Plassering/utviding/etablering av båthamn for gjestar og bebuarar med bølgjedemping/molo, då med naudsynt areal i sjø til vurdering kring best moglegheit plassering i forhold til vertilhøve og bølgjepåverknad i båthamn, og på land.
  • Utviding/betre tilrettelegging av parkeringstilhøve for bebuarar på Øyna og for brukarar av eksisterande båthamn.
  • Ny tilkomst til området frå sør.
  • Moglegheit for å tilrettelegge badeplass.
  • Kapasitet i eksisterande avkøyrsle frå kommunal veg, Fylkesveg, med siktsoner.

Nytt varsla planområdet er ca. 87 daa og er vist i vedlegg 2. Utvida planavgrensing, og varsel av dette, er avklart med Flora kommune. Endeleg planavgrensing vil bli justert i  planprosessen.I kommunedelplanen for Stavang 2004-2016 er området avsett til nåverande og framtidig sentrumsområdet på land, samt noko areal til nåverande bustadbebyggelse og
fritidsbebyggelse. Arealet i sjø er avsett til nåverande og framtidig båthamn, område for vern av sjø og vassdrag, samt annan særskilt bruk eller vern. Utvida område er avsett til sentrumsformål og LNF-område.

Planlagt tiltak samsvarar med prinsipp i overordna plan, der utvida planavgrensing er vurdert å ikkje endre tidlegare vurdering av KU-forskrift då hovudformålet med planarbeidet er som
tidlegare varsla tilrettelegging for utvikling av Stavang sentrum med bustad, fritidsbustad næring, samt utvikling av båthamna. Viser elles til tidlegare utsendt varsel datert 10.12.2018.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til utvida planområde eller planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 08.03.2019. Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no. Tlf. 97627000/ 95741102.

Vedlegg