hamnebasseng langt

Varsel om planoppstart: Steinvik Fiskefarm

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 88/6 mfl, i Flora kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Bru Eigedom AS.

Hovudføremålet med planarbeidet er tilrettelegging for vidareutvikling av Steinvik Fiskefarm med utviding av eksisterande visningssenter, samt tilrettelegging for aktivitetspark, museum m.m. I kommuneplanen for Flora 2017-2027 er området avsett til akvakultur (noverande), samt at delar av planområdet er avsett til LNFR området. Det er ingen reguleringsplan for området. Planområdet er nytta til oppdrett av matfisk og utgjer ein av Steinvik Fiskefarm sine fleire lokalitetar for fiskeoppdrett. Lokaliteten ligg i tilknyting til Steinvik Fiskefarm visningssenter, og vert nytta som visningslokalitet.

Oppstartsmøte med Flora kommune vart halde den 23.05.2017. Naturfare og trafikktryggleik er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen. Det er ikkje krav om planprogram eller konsekvensutgreiing.

Føremål med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 03.12.2018.
Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. E-post: post@ivestconsult.no. Tlf. 97627000/ 96627987.

Plandokument