Ytterøyane fyr

Varsel om planoppstart/høyring for Jagedalsmarka, gbnr 28/11 mfl.

 Merknadar eller spørsmål kan rettast til iVest Consult as innan 26.01.2018

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 28/11 mfl. Tiltakshavar for planarbeidet er familien Jagedal v/Eva Jagedal og Barbro Jagedal Moran.

I gjeldande reguleringsplan (planid 20060102) er det lagt til rette for kommunal samleveg frå Vangsvegen til Båtevika og bustadbygging med moderat utnytting. I gjeldande kommunedelplan for området, Kommunedelplan for Florelandet-Brandsøy (planid 20070001) er området avsett til areal for framtidig bustadbygging, B5. Av tekstdelen til kommunedelplanen går det fram at det er eit ønskje med ei kompakt og effektiv arealutnytting, føresett at dette vert gjort på ein måte som sikrar god bu-kvalitet.

Formålet med utarbeiding av ny reguleringsplan, er å få til ei høgare utnytting av tomta til bustader og justering av trase for samleveg for å gje denne betre kurvatur, samstundes som tilhøva for mjuke trafikantar vert vurdert. Varsla planområde er på ca. 20 daa. Planavgrensing kan verte justert i løpet av planprosessen.

Planlagt reguleringsplan vil ikkje legge til rette for tiltak innanfor vedlegg I eller II i  forskrift om konsekvensutgreiing. Planarbeidet utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing, jf. §§ 6, 7 og 8. Kommunen har med dette som grunnlag vurdert det slik at det ikkje vil vere naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing knytt til planarbeidet.

Planprosess og tema som skal vurderast særskilt, vart avklara med Flora kommune i oppstartsmøte den 08.11.2017.  Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna:

- Landskap, estetikk og byggeskikk
- Naturmiljø/naturmangfald
- Kulturminne/kulturlandskap
- Friluftsliv/nærmiljø/born og unge
- Miljøfaglege forhold, forureining og støy
- Folkehelse og universell utforming
- Tryggleik mot naturfare
- Infrastruktur (teknisk)
- Trafikktryggleik og tilgjenge
- Veg-, gangveg-, og trafikktilhøve, inkl. parkering

Det vil i tillegg bli utarbeidd ROS-analyse med sjekkliste som følgjer planforslaget, der tema som Klima/Lokalklima/overvatn m.m kan bli aktuelt å vurdere nærare

Dokumenta ligg til offentleg gjennomsyn på iVest Consult sine nettside www.ivestconsult.no, hos Flora kommune på Tenestetorget.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dokument i saka:
Planomriss
Oversiktkart og utsnitt av regulering- og kommuneplan

Frist for eventuelle merknadar er 26.01.2018

Eventuelle merknadar sendast til:
iVest Consult as, på e-post til post@ivestconsult.no eller i post til Strandgata 15, 6900 FLORØ.

Spørsmål/meir informasjon:
iVest Consult as Mobil 976 27 000 / 957 41 102