Skulestart

Varsling på SMS og fasttelefon frå kommunen

Flora kommune nyttar eit servicevarslingssystem som sender meldingar via SMS eller talemelding på fasttelefon. Du får slike meldingar dersom du er råka av spesielle tilhøve som kommunen må varsle deg om. Dette kan mellom anna vere varsel om stenging/brot på vatn- eller avløpsrør, vegarbeid, eller plan- og reguleringsendringar der du bur.

Kva gjer du dersom du blir varsla?

I utgangspunktet treng du ikkje gjere noko. Det viktigaste er at du får meldinga og at du er orientert om kva som skjer. UMS er eit einvegs varslingssystem som gjer det enkelt for kommunen å sende varsel, og enkelt for deg å motta. Varslinga skjer også umiddelbart, slik at du får melding i sanntid.

Kven får varsel?

Alle i husstandane over 16 år skal få varsel frå servicevarslingssystemet. Men det er unntak. I tilfelle der du har jobbtelefon, postboks eller skjult nummer får du gjerne ikkje varslinga. Dette er fordi systemet ikkje klarar å fange opp slike tilfelle. Difor er det viktig at du av og til besøker vår heimeside for å halde deg orientert.

Får du ikkje varsel kan du også registrere deg i servicevarslingssystemet under "Sjekk din oppføring". Det spesielle her er at du må føre inn kommunenummeret "1401" når du registrerer deg. Deretter kan du følgje instruksjonane som er på skjermen.

UMS - registrering.png