Ytteroyane

Vassmålar

Installasjon av vassmålar kan krevjast både av kommunen og den enkelte. Vanlege hushaldningar kan velje om dei vil installere vassmålar eller ikkje.
 

Kven eig vassmålaren?
Abonnenten eig vassmålaren.

Installasjon og kontroll
Alle vassmålarar skal installerast av autorisert røyrleggarfirma. Installasjonane skal kontrollerast, plomberast og godkjennast av Flora kommune. Når vassmålaren er plombert, skal ikkje plomben rørast eller vassmålaren fjernast.

Huseigars ansvar
Huseigar skal halde vassmålar lett tilgjengeleg for avlesing og vedlikehald. Er målaren borte eller skada skal du omgåande gje beskjed til kommunen. Huseigar har ansvar for vedlikehald.

Avlesing av vassmålar
Flora kommune vil sende brev til alle abonnentar i god tid før avlesing. I brevet står det meir om korleis ein registrerar målarstand og frist for avlesing. Abonnentar skal lese av vassmålaren anten på internett eller telefon. Dersom avlesinga ikkje vert utført til bestemt tid, kan kommunen berekne forbruket eller sjølv føreta avlesing. Vassmålar skal avlesast i begynnelsen av Desember kvart år, ein vil i forkant få tilsendt informasjonsbrev om dette. Det anbefalast å sjekke vassmålaren ofte slik at ein oppdagar f.eks. vasslekkasjar eller andre feil tidleg.

Søknadsskjema og kostnader
Søknadsskjema, kostnader og annen informasjon angåande vassmålarar får du ved å kontakte teknisk drift og prosjektleiing eller hjå autorisert røyrleggarfirma.

Vi viser dessutan til Flora kommune si Vassmålarnorm som er tilgjengeleg på heimesida til Flora kommue.