Båtar på hamna

Vedteken reguleringsplan: Samanbinding Rv. 5 Havrenesvegen, veg/bustad

Detaljreguleringsplan - Samanbinding Rv5 Havrenesvegen, Alternativ 1. PLANID: 20120110.

Detaljreguleringsplanen er vedteken av Flora bystyre 04.10.2016, sak 081/16, med heimel i PBL §12-12. Planen tilrettelegg for ny samanbindingsveg mellom Havreneset og Rv5.

Den vedtekne reguleringsplanen er også tilgjengeleg på Informasjon og service, Flora samfunnshus i papirformat, fram til 31.10.2016.

Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, innan 31.10.2016. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.