Skulestart Florø barneskole

Vedtekter for bruk av Flora Byvåpen

Forfattar: Terje Heggheim Frå dato: 05.06.2002 Oppdatert: 18.11.2005

§ 1 Definisjon

1.1  Flora byvåpen, fastsett ved Kongeleg Resolusjon den 6 oktober 1967, er på raud botn 3 sølv sildar i skråstilling.

1.2 Flagg med 3 kvite sildar i skråstilling på raud botn i kvadratisk form i forholdet.

1.3 Til dekorativ bruk kan våpenet utformast som vimpel eller hengande banner.

1.4 Våpenet omfattar eikvar heraldisk form.

§ 2 Generelt

Våpenet er kommunen sitt merke og rettsleg verna
(Straffelova § 328 - 19.3.1926).

Som hovudregel kan våpenet berre nyttast av den kommunale administrasjonen og av kommunale funksjonar og til dekorasjon.

Våpenet må ikkje nyttast slik at det kan sjå ut som privat kjennemerke. Private kjennemerke må heller ikkje stillast saman med våpenet.

Våpenet må ikkje nyttast i privat forretning som reklame, annonsering eller varemerke.

Formannskapet kan gje løyve til bruk av våpenet:
* på suvenirgjenstandar av høg kvalitet
* til jakkemerke, bordflagg o l
* i merke for stemne og landsmøte når slike vert arrangert i Flora
* til pryd på skip o l av høg standard

I alle høve må særskild søknad sendast til formannskapet saman med prøve eller nøyaktig reikning med forklarande tekst.

Byvåpenet skal alltid presentere seg på ein høvisk og verdig måte.
Våpenet kan i samsvar med reglane i § 7 nyttast i heimane til læring og dekorasjon,  men ikkje på ein slik måte at det gjev uttrykk for at brukaren har ei kommunal stilling eller funksjon, eller til reklameføremål.

§ 3 Bruk av våpenskjold

Våpenskjold skal brukast med sine rette fargar med mindre det ligg føre særskilt
løyve.

På trykksaker kan våpenet trykkast i svart og kvitt.

Våpenet kan brukast til eigarmerke på kommunen sine bygningar, bilar og andre gjenstandar.

Våpenet kan etter nærare vedtak brukast til jakkemerke m v.

§ 4 Bruk av kommuneflagg

Flagget kan heisast når bystyret/fylkestinget har møte, på kommunale merkedagar og elles etter nærare vedtak.

Brukt saman med det norske flagget eller riksvåpenet, har kommunevåpen/kommuneflagg lågast rang.

§ 5 Bruk av våpenet i fane og banner

Våpenet kan utførast som bordflagg eller banner og brukast som dekorasjon ved kommunale tilstellingar. Hengande banner i stort format kan brukast til dekorasjon etter nærare vedtak.

§ 6 Bruk av våpen i stempel og segl

Våpenet kan nyttast av kommunale etatar/institusjonar i rundt stempel eller segl med etaten/institusjonen sitt namn i ein innskriftring rundt byvåpenet. Det må nyttast sams skrifttype.

§ 7 Utforming

Våpenet kan utførast i ymse materiale og teknikkar, t d plastisk flatestil, måla, teikna, vevd, brodert eller gravert. I alle høve må det setjast høge krav til kvalitet i utforminga.

Utforminga må alltid vere i samsvar med det tekniske og heraldiske kvalitetskrav med rett form, farge og proporsjonar.