Båtar på hamna

Kom med framlegg til vegnamn - vi treng di hjelp!

I løpet av 2018/2019 skal det setjast namn på fleire vegar som ikkje har fått namn i Flora kommune og nokre nye parsellar/hyttefelt. Vi gjer dette fordi lege, ambulanse, brann, post og besøkande lett skal kunne finne fram til eit hus eller ein plass når det trengst.

Til å finne dei gode namna, treng vi hjelp frå deg som har tilknyting til stadet eller er interessert. Alle skal få ei adresse med veg og nummer, eventuelt område og nummer (enkelte stader, t.d. på nokre av øyane, søker vi områdenamn i staden for vegnamn).

Det er tre vegnamn som må skiftast på eksisterande adresseparsellar for å unngå forvirring og gjentaking av namn med hensyn til den framtidige Kinn kommune og ti parsellar som skal få nytt vegnamn eller områdenamn. (sjå kartet og lista). OBS! Prosessen for å rette stavelsen av vegnamnet  "Ole Torjusons veg" på Svanøya til "Ole Torjussens veg" er no starta, og kommunen venter svar frå Språkrådet.

Når du går inn på lista nedanfor, kan du klikke deg inn på kvar sone, og du får opp detaljkart for kvar sone (klikk då på sjølve kartet slik at du får opp større kart). Du vil sjå at vi på enkelte soner har gjort framlegg om at det skal vere "områdeadresser", og når du klikkar på sona (kartet). På dei stadene det er fleire parsellar, er starten på kvar parsell merka med ein mørk strek, og det er i teksten oppgjeve kor langt kvar parsell går. Der kan du komme med namn på kvar parsell.

Språkrådet har fastsett ein del retningslinjer for korleis gode vegnamn bør vere, og dei seier m.a.:

  • Namnet må passe inn i eit samordna system for adressering, t.d. at namn ulike stader i kommunen ikkje er dei same eller for like slik at dei kan forvekslast
  • Namnet bør bygge på og føre vidare lokal namnetradisjon
  • Namnet bør passe til staden
  • Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk
  • Namn bør vere varierte
  • Namnet bør vere lett å skrive, lese og uttale
  • Ein bør unngå å nytte namn på nolevande personar og sørge for å stave riktig namn til historiske personar


Du kan lese meir om dette hjå språkrådet si heimeside, gå inn på brosjyra "Tråkka".

Slik kan du kome med framlegg til namn:

  • Her kan du sjå lista over område som skal få namn
  • Trykk deg inn på ei sone i kolonna for "Sone namn" (du blir då ført til ein ny artikkel med eiga oversiktskart)
  • Skriv eit innlegg ved å trykke på "Skriv et innlegg"
  • Du kan opne eit større oversiktskart ved å trykke på bildet for kvar sone

Alle innlegg må godkjennast av administrator før dei blir synlege på nettsida. Dette for å unngå upassande innlegg.

Legg inn dine framlegg innan 30. oktober, 2018.

Ditt forslag skal først vurderast av stadnamntenesta for å sikre at dei formelle sidene ved namsetjinga er tekne vare på. Namna blir så lagt ut til høyring før Levekårsutvalet gjer endelege vedtak om namna. Skrivemåten på namna kan ankast til kommunen.

I samsvar med adresseforskriftene vil kvar veg/område og kvart hus/tomt få namn og nummer og bli ført i matrikkelen.

Dersom der er feil i kartmaterialet eller om de elles lurer på noko kan de kontakte oss på e-post postmottak@flora.kommune.no eller:

For spørsmål om namn: Kulturkonsulent Morgan Stavøstrand, morgan.stavostrand@flora.kommune.no; tlf. 48351672

For spørsmål om adresseringsprinsipp: Fagleiar kart og oppmåling, Anne Berge Bjørnseth, tlf. 41161375.

For praktiske spørsmål om korleis kome med namneframlegg: Webansvarleg, Henrik M. M. Ulriksen, tlf. 47603545.