Båtar på hamna

Internasjonalt

Hender

Flora Kommune har sidan september 2006 kunne krone seg med tittelen ”Internasjonal Kommune” utnemnd av kommunes sentralforbund og fredskorpset.

Utnemninga er ikkje tilfeldig då Flora arbeider aktivt internasjonalt både i form av mottak av flyktningar/innvandrarar til kommunen, engasjement i internasjonale prosjekt og venskapsavtalar på tvers av landegrenser.

Innvandrarsenteret er eit eige Kommunalt føretak som tek seg av flyktningar/innvandrarar. Senteret består av tre einingar med kvar sine arbeidsområde; Solbakken asylmottak som sørgjer for ulike tilbod for asylsøkjarar, Integreringsavdelinga som arbeider med busetjing og integrering, og Norsksenteret som står for norsk og samfunnsfagopplæring.

Kommunen er aktivt med i ulike EU-prosjekt. Skular og barnehagar samarbeidar med tilsvarande organisasjonar innanfor EU.

Flora kommune har sidan 80 talet hatt venskapskommunar i fleire land. Tidlegare låg hovudfokuset på samarbeid i Norden, medan ein i dei siste åra har fokusert på land i sør og aust. Kommunen har i dag eit aktivt venskapskommunesamarbeid med Nkhotakota i Malawi og Kelme i Litauen.


Meir informasjon finn du i menypunkta under desse emna.