Båtar på hamna

Vi treng di hjelp, kom med framlegg til vegnamn!

I løpet av 2014 skal det setjast namn på alle vegar som ikkje har fått namn i Flora kommune. Vi gjer dette fordi lege, ambulanse, brann, post og besøkande lett skal kunne finne fram til eit hus eller ein plass når det trengst.

Til å finne dei gode namna, treng vi hjelpt frå alle innbyggarane i kommunen, enkeltpersonar, organisasjonar, grendelag – alle som er interesserte. Alle skal få ei adresse med veg og nr, ev. område og nr (enkelte stader, t.d. på nokre av øyane, kan det vere naturleg å gje områdenamn i staden for vegnamn).

I adresseplanen for kommunen som nett er vedteken, er kommunen delt inn i 21 adresseparsellar/soner der vi skal setje namn (sjå kartet og lista). I enkelte av sonene kan det vere fleire vegar/parsellar som skal ha eigne namn. Vi har del kommunen inn i 3 soner, dei blå sonene utgjer øyane, dei grøne sonene som ligg på fastlandet og dei raude sonene som er dei områda der vegane kryssar kommunegrensa slik at vi må ta omsyn til kva nabokommunane gjer.

Når du går inn på lista nedanfor, kan du klikke deg inn på kvar sone, og du får opp detaljkart for kvar sone (klikk då på sjølve kartet slik at du får opp større kart). Du vil sjå at vi på enkelte soner har gjort framlegg om at det skal vere "områdeadresser", og når du klikkar på sona (kartet), står det berre eit kryss eller eit nummer, og eit framlegg til områdenamn, som gjerne er namnet på øya. Du har sjølvsagt høve til å ha meiningar om dette og kan komme med andre framlegg. På dei stadene der det er fleire parsellar, er starten på kvar parsell merka med ein mørk strek og det er i teksten oppgjeve kor langt kvar parsell går. Der kan du komme med namn på kvar parsell.

Språkrådet har fastsett ein del retningslinjer for korleis gode vegnamn bør vere, og dei seier m.a.:

  • Namnet må passe inn i eit samordna system for adressering, t.d. at namn ulike stader i kommunen ikkje er dei same eller for like slik at dei kan forvekslast
  • Namnet bør bygge på og føre vidare lokal namnetradisjon
  • Namnet bør høve på staden
  • Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk
  • Namn bør vere varierte
  • Namnet bør vere lett å skrive, lese og uttale
  • Ein bør unngå å nytte namn på nolevande personar i adressenamna

Du kan lese meir om dette hjå språkrådet si heimeside, gå inn på brosjyra "Tråkka".

Slik kan du kome med framlegg til namn:

  • Her kan du sjå lista over område som skal få namn
  • Trykk deg inn på ei sone i kolonna for "Sone namn" (du blir då ført til ein ny artikkel med eiga oversiktskart)
  • Skriv eit innlegg ved å trykke på "Skriv et innlegg"
  • Du kan opne eit større oversiktskart ved å trykke på bildet for kvar sone

Alle innlegg må godkjennast av administrator før dei blir synlege på nettsida. Dette for å unngå upassande innlegg.

Legg inn dine framlegg innan 14. september 2014.

Det vil bli informasjonsmøte i ulike delar av kommunen i august/september, og vi vil så lage eit framlegg til namn i alle soner/på alle vegar. Dette vil skje i samarbeid med stadnamntenesta for å sikre at dei formelle sidene ved namsetjinga er tekne vare på. Namna blir lagde ut til høyring før Kultur- og oppvekstutvalet gjer endelege vedtak om namna. Skrivemåten på namna kan ankast.

I samsvar med adresseforskriftene vil kvar veg/område og kvart hus/tomt få namn og nummer og bli førde i matrikkelen.

Dersom der er feil i kartmaterialet eller om de elles lurer på noko kan de kontake oss på e-post postmottak@flora.kommune.no eller:

For spørsmål om namn: Kultursjef Edvin Helgheim, tlf. 57756044/ 41534943.

For spørsmål om adresseringsprinsipp: Fagleiar kart- og oppmåling, Anne Berge Bjørnseth, tlf. 57756024.

For praktiske spørsmål om korleis kome med namneframlegg: Webansvarleg, Henrik M. M. Ulriksen, tlf. 57756004.