Seglebåt med jente

Vil du bli leseombod?

Vil du vere med å gi andre menneske ein betre kvardag? Då kan du bli leseombod. Eit leseombod er ein person som les høgt for nokon som ikkje kan lese sjølv.
Flora kommune har 6-7 faste leseombod som les på institusjonane, men treng fleire frivillige som vil bruke litt av fritida si til å besøke nokon som ønskjer å bli lesne for. Vil du vite meir, kom på:

Inspirasjonsmøte for leseombod torsdag 1. juni klokka 16:00 – 19:00 på Flora samfunnshus!

Kl. 16:00    Enkel servering
Kl. 16:30    Inspirasjon ved Anne Kari Faleide
Kl. 17:00    Dialog, erfaringar, lesetips
Kl. 18:00    Workshop

Anne Kari Faleide er ein av lesegledarane tilknytta Fylkesbiblioteket.

Påmelding til Flora folkebibliotek, tlf. 57756055 eller e-post: eli.eidsvik@flora.kommune.no, tlf. 91 33 84 23 innan 30. mai.

Arrangør: Flora kommune ved Flora folkebibliotek og LEV VEL prosjektet.