hamnebasseng langt

Zikafeber: Råd til resiande til Thailand og Filippinene

Råd til alle reisande til Thailand og Filippinene

  • Bruke klær som dekker kroppen (langerma skjorte, lange bukser og sokker)
     
  • Bruke myggmidlar, eventuelt sove under myggnett og sprøyte bustaden med insektmiddel. Myggmidlar bør nyttast også på dagtid og innsmøringa gjentakast ved svetting

Godt vern mot myggstikk er spesielt viktig for personar med immunsvikt eller alvorlege kroniske sjukdommar. Desse pasientgruppene bør som alltid rådføre seg med lege før reise.

Kvinner som risikerer å bli gravide bør nytte effektiv prevensjon for å unngå å bli gravid under opphald i Thailand og Filippinene. Ved langtidsopphald bør råd frå lokale helsemyndigheiter følgast.

Råd til gravide

  • Gravide åtvarast mot å reise til Thailand og Filippinene
     
  • Gravide som likevel vel å reise til desse områda bør være spesielt nøye med vern mot myggstikk under opphaldet
     
  • Gravide som nyleg har opphaldt seg i desse områda bør få tatt ein zikaprøve hos sin fastlege etter heimkomst, uavhengig om den gravide har hatt symptom på zikafeber eller ikkje

Råd til andre reisande som har opphaldt seg i Thailand eller Filippinene

I tillegg bør alle som nyleg har opphaldt seg i Thailand eller Filippinene ta forholdsreglar etter heimkomst:

  • Kvinner som har opphaldt seg i området bør vente åtte veker etter heimkomst før dei blir gravide
     
  • Menn som har opphaldt seg i området og som har ein gravid seksualpartner, bør nytte kondom eller avstå frå seksuell aktivitet under heile graviditeten
     
  • Dersom menn som har opphaldt seg i området og har ein partnar heime som kan bli gravid, bør paret nytte prevensjon etter heimkomst for å unngå graviditet. Prevensjon bør nyttast i åtte veker om mannen ikkje har hatt symptom på zikavirussjukdom. Dersom mannen har hatt symptom på sjukdommen anbefalast prevensjon i seks månader
     
  • Kondombruk reduserer risiko for smitte med zikavirus. Personar som har vore i området kan unngå å smitte sin partner ved bruk av kondom. Kondom bør nyttast i åtte veker etter heimkomst dersom han/ho ikkje har hatt symptom på zikavirussjukdom. Ved symptom på sjukdommen hos mannen bør kondom nyttast i seks månader

Då ein førebels ikkje veit nok om seksuell smitte og kor lenge zikaviruset kan finnast i enkelte kroppsvæsker, er desse råda etter heimkomst foreløpige og kan endrast når ny kunnskap ligg føre.

For meir informasjon sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider: http://www.fhi.no.